Tord Gustavsen og Elisabeth Lid Trøen

16. juni kan Oseana ynskje velkomne til jazzkonsert i Griegsamlinga med to av noregs beste jazzmusikarar, ein velkjend og ein stigande stjerne.

Tord Gustavsen er ein av Noregs mest profilerte jazzmusikarar, og har gjennom mange år hatt ein viktig rolle i utviklinga av norsk jazz. Han skapar kreativ og lyrisk musikk som utfordrar skiljet mellom ”moderne” og ”tilgjengeleg” jazz, og han blir beteikna som ”ein melodianes meister som stilsikkert og dynamisk får pianoet til å synge”. Gustavsen har spelt med og delteke på ei rekke album med fleire kjende norske jazzvokalistar, som Kristin Asbjørnsen, Silje Nergaard, Siri Gjære, Solveig Slettahjell og Live Maria Roggen.

Gustavsen har også fleire samspelsprosjekt gåande, som Tord Gustavsen Ensemble og det kanskje mest kjende Tord Gustavsen Trio, beståande av bassisten Harald Johnsen og trommeslagaren Jarle Vespestad. Trioen har tre studioalbum bak seg, mellom anna The Ground frå 2005 som kan skilte med å vere det fyrste instrumentale jazzalbumet som gjekk til topps på VG- lista! Plata gjekk også på topp på den amerikanske Billboard Top Jazz Album.

Til Oseana kjem Gustavsen med den unge saksofonisten Elisabeth Lid Trøen. 19 år gamle Trøen er ein spennande nykomar på dei norske jazzscenene. Trass i sin unge alder og at ho berre har tre års fartstid på saksofonen, har ho allereie spelt med og imponert mange store og etablerte jazzmusikarar. Ho er utdanna ved Voss jazzskule, og fekk i 2011 tildelt Sparebank 1 Hardanger sitt kulturstipend, overlevert av den amerikanske musikaren Joshua Redman. Redman uttalte til avisa Hordaland at Elisabeth har eit uvanleg talent og ein unik rytmesans, noko som er ein bra karakteristikk å få frå ein av verdas beste jazzsaksofonistar!

I 2011 spelte Elisabeth for fyrste gong i ein kvartettbesetning med Gustavsen, og resultatet var så bra at det måtte blir meir. No står dei igjen på scena saman, denne gongen som duo i Oseana.

Konserten er 16. juni kl. 17.00 i Griegsamlinga, Oseana. Billettar kr. 175,- kjem i sal frå 24. februar.

 

Treng du overnatting i Os? Kontakt Solstrand Hotell & Bad eller Bjørnefjorden Gjestetun.

 

Trailer

Informasjon

Dato:
2012-06-16 17:00
Klokka: 17:00
Pris:
Kr. 175,-
Billettinfo:
Billettar i sal frå 24. februar

Opningstider

Opningstider

Restaurant

Restaurant

Kontaktinfo

Kontaktinfo

Nyhetsbrev

Nyhetsbrev

Facebook

Facebook

Våre samarbeidspartnarar