UKM

- Det er med stor glede vi no kan invitera til UKM-mønstring i Oseana Kunst & Kultursenter, seier ansvarleg for UKM i Os, Kjetil Osablod Grønvigh.
- Med eit nytt kulturhus som skal vera til glede for alle både lokalt og regionalt, er det ekstra kjekt at Fusa Kommune har bestemt seg for å ha si mønstring saman med Os Kommune. Dette vil gjere at publikum og deltakarar får oppleve endå meir flott ungdommeleg kreativitet, no i et bygg som er skreddarsydd til formålet, seier Grønvigh.
Han understrekar at Ungdommens Kulturmønstring er ikkje ein konkurranse, men ei mønstring der ungdom kan få vise fram sine kreative eigenskapar i eit profesjonelt miljø. Det er høve for ungdommar å delta i eit breitt spekter av kategoriar, alt frå musikk, dans, teater og stand-up til biletkunst, fotografi, web-design, lyrikk og så vidare. Det er berre ungdommane sjølve som set grenser for kva som kan delta i UKM!
Ein jury beståanda av fagpersonar vil vurdere kvart innslag, og nokre av desse vert sendt vidare for å representere si kommune i fylkesmønstringa i Grieghallen i Bergen. Frå fylkesmønstringa blir det plukka ut innslag som vert sendt vidare til den nasjonale mønstringa i Trondheim.
- Os og Fusa vil ha eigne juryar som uavhengig vel ut kva for innslag som skal representera si kommune i fylkesmønstringa i Grieghallen 14. og 15. april, forklarar Grønvigh.
Frå Os er det no 47 påmelde, fordelte på 17 innslag.
Arrangementet startar kl. 17.00, og det vil bli billettsal i døra.
Bill. pris: kr. 50,-
Born under 10 år gratis.




