Utleige

Oseana Kunst & Kultursenter kan ta imot alle typar arrangement.

Oseana er særs godt egna til konferansar og andre arrangement der ein ynskjer kvalitet. Bygget er på 5800 kvadratmeter inkludert restaurant, kunstmuseum og storsal med scene og plass til 12-1300 personar. Oseana er ein unik kombinasjon av kunstmuseum og kulturhus, berre ein drøy halvtimes køyring frå Bergen sentrum eller Flesland Flyplass. Med vår flotte plassering rett ved Bjørnefjorden og korte avstand til Bergen, er vi eit ideelt val for mange typar arrangement. Eit vakkert bygg i vakker natur.

Uteareal

Oseana ligg i sjøkanten nær friluftsområdet i Mobergsvikjo. Dette friluftsområdet skal på sikt rustast opp med murar, stupeanlegg og solterassar. Det er ei gjestehamn med alle fasilitetar for 20 båtar i ny molo, og samarbeid om tilkomst og resten av uteareala med Os Sjøfront. Strandvegen Mobergsvikjo-Moldaneset skal merkjast og nyttast aktivt i høve totalkonseptet til Oseana.

Oseana ligg i gangavstand frå kommunesenteret, busstasjon og drosjehaldeplass på Osøyro.

 

For meir informasjon eller førespurnad, ta kontakt med Astrid Heggland på e-post: astrid@oseana.no eller telefon: 951 444 31.

Oseanasalen - Foto: Nils Petter Eidem
Vargasalen - Foto: Nils Petter Eidem
Foajè - Foto: Nils Petter Eidem
Foajè - Foto: Nils Petter Eidem
Middag i Griegsamlingen
Vår daglige utsikt

Opningstider

Opningstider

Restaurant

Restaurant

Kontaktinfo

Kontaktinfo

Nyhetsbrev

Nyhetsbrev

Facebook

Facebook

Våre samarbeidspartnarar