Teaser: 

Samspel og nærvære

Christina Dahl Quartet

 

Christina Dahl Quartet består av nokre av dei mest spanande og hylla musikarane i Danmark.

Gitaristen Niclas Knudsen har sitt eige, unike uttrykk. Han femnar musikken med magi og skaper indre bilete. Nils Bosse Davidsen, som er ein sjeldant kreativ og leikande bassist og cellist, evnar å gje oss ei rørande og sanseleg oppleving. Espen Laub von Lillienskjold er super-idérik og varierer lydane på trommene. Han gjev musikken både stor dynamikk og energi.

Kvartetten framstår som ei original gruppe med sitt heilt eige personlege musikalske uttrykk. Med utgangspunkt i Christina sine komposisjonar, som alle avspeglar livet med rikdom av dynamikk og fargar, fortel kvartetten historier. Musikken er organisk med ein åndeleg og sensuell ærlegdom, og fører oss ut i kantane av livet med ein klar lyrisk sans. Samspelet er fint og sterkt, og skaper ein nærverande lydillustrasjon. Kvartetten spelar dedikert og inderleg og med hjarteleg interaksjon, der instrumenta talar med kvarandre, og gjev eit inntrykk av felles visjon og retning.

 

 

Ord: 295,- 

 

Følg gjerne vårt Facebook-arrangement!

 

-----------------------------------------------------------------------------------------------------

Smittevern:

Din innsats gjer ein forskjell. Følg råda frå Folkehelseinstituttet når du vitjar Oseana:

  • Hald avstand
  • Vask hendene
  • Bruk papirlommetørkle eller albogekroken ved hoste
  • Betal gjerne med kort (kontantlaust)
  • Unngå kontakt med felles overflater

Oseana har intensivert vask av hyppige kontaktpunkt i huset, og følgjer dei generelle hygieneråda frå Folkehelseinstituttet. Personar med symptom på luftveisinfeksjon oppmodast om å halda seg heime.

Fakta, råd og tiltak om koronaviruset finn du på Folkehelseinstituttet sine sider: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/

Arrangementdato: 
tor, 22/10/2020 - 20:00
Pris: 
Ord. 295,-
Bilde: 
Kjøp billett: 
Ticketmaster
Arrangør: 
Oseana Kunst og Kultursenter
Arrangement: 
Jazz
Sal: 
Småsal
Servering: 
Oseana Kafé og restaurant, tlf. 53695140

Opningstider

   
mandag - fredag 11.00 - 16.30
laurdag  11.00 - 16.00
søndag 12:00 - 18:00