Bjarte Hjelmeland – JA! EKSTRAFORESTILLING

Bjarte Hjelmeland er tilbake, denne gangen med eit rungande «Ja!». I dette humorshowet byr han på treffande karakterar, parodiar, og han er like musikalsk og morosam som før. Bjarte viser også meir av si personlege side i sitt tredje humorshow.

Bjarte har hausta fleire komiprisar for dei to føregåande showa, og det har hagla høge terningkast over hans prestasjonar. Så også denne gangen. “Ja!” har fått maxiyatzy i terningkast 5 frå Aftenposten, Dagsavisen, VG, Dagbladet, BT og BA. “Ja takk, Bjarte” skriv VG og Aftenposten, medan Bergens Tidende kallar han “En mester i sitt fag”.