Desemberstemninger – Ole Edvard Antonsen med gjester

Ole Edvard Antonsens førjulsturné ”Desemberstemninger” blir av mange omtalt som den ultimate julekonserten, og har blitt ein hyggeleg tradisjon rundt om i Noregs land. Til Oseana har han med seg gjestevokalistane Knut Marius Djupvik og Stine Hole Ulla.

Ole Edvard og hans gjester balanserer i fleire sjangre med si breie musikalske bakgrunn. Dette resulterer alltid i brilliant musikalsk samarbeid og ei rekkje spanande arrangement. Konserten byr på eit allsidig repertoar med kjende og kjære julesongar, nye og spanande låtar og arrangement som tilsaman er med å skape den gode stemninga i førjulstida.

Velkomen til Desemberstemninger med Ole Edvard sitt eminente trompetspel, og hans fantastiske gjestevokalistar!

Medverkande på årets «Desemberstemninger»:

Ole Edvard Antonsen, ein av verdas framste trompetsolistar og ein av Noregs absolutt største internasjonale stjerner.
Knut Marius Djupvik, den overlegne vinnaren av fjorårets Stjernekamp og ein av Noregs største stemmer.
Stine Hole-Ulla, med si fantastiske klokkeklare stemme trollbandt ho alle då ho blei den første kvinnelege vinnaren av Norske Talenter.

Trond Akerø-Kleven, keyboards
Tom Erik Antonsen, bass
Per Hillestad, trommer/perkusjon
Eilif Stene, lydansvarleg