Eit juleshow – med Heine, Karianne og Roger

Eit juleshow – med Heine, Karianne og Roger

Heine Totland, Karianne Kjærnes og Roger Allan Ivin står klare til å ta deg med på ei humormusikalsk reise med juleklassikarar og halsbrekkande musikalske julenummer!

Det blir skrive både sagn, sagaer og julefablar om denne trioen sine framsyningar, som alltid tar sitt publikum med storm. Dei byr på smittande energi, humor og fengande låtar.

Heine Totland er ein av landest travlaste entertainarar. Han har mellom anna hatt hovudrolla i ei rekke store musikalar, og vore med i ulike TV-program. Dei siste åra har han vore aktuell med eigne show som har hausta suksess på Ole Bull Scene i Bergen og på Latter i Oslo.

Karianne Kjærnes og Roger Allan Ivin har begge brei erfaring frå revy, teater og musikk, og er faste medlemmar i Heine sitt eige rockesirkus.

Med desse tre kan alt skje! Her får du musikk, parodiar og humor i skjønn foreining.

Gled deg til ein lattarleg morosam kveld – som ifølge trioen sjølv vil gå inn i historiebøkene som landets råaste juleframsyning!!

Varigheit: om lag 90 minutt.

Rullestolplass og ledsagerbillett: Eit avgrensa antal rullestolplassar og ledsagarbillettar kan kjøpast i resepsjonen eller ved å kontakte oss på telefon: 917 50 231 / e-post: resepsjon@oseana.no