Få bill.

Feeling groovy? Steppin’ Out

Feeling groovy?

Steppin’ OUT med gjestemusikarar inviterer til konsert!

Vi har lagt eit spesielt år bak oss, og det spesielle følgjer oss langt inn i 2021. Det er difor ekstra hyggeleg å kunne ønska velkomen til konsert med Steppin’ OUT, og viss vèret er med oss satsar vi på utandørs konsert!

Steppin’ OUT er eit liveband med eit rikhaldig program, og dei blandar gjerne sjangarar. Delar av repertoaret er sjølvkomponert. Nokre av låtane ligg ute på dei digitale plattformene, etter at Steppin’ OUT sist sommar tok turen i studio. Dei to vokalistane vekslar mellom duettar og solo. Publikum som har vore på konsert med Steppin’ OUT før, vil både kunne kjenne igjen låtar, men også bli presentert for nye.


Steppin’ OUT:

Kristine Bjånes - vokal

Jan Haaland - vokal

Knut Vidar Garlid - tangentar

Nils Midtseter – trommer


Gjestemusikar:

Tormod Bjånes - bass

Steinar Lyssand - gitar


Unummererte plassar - pass på god avstand til andre pga Covid-19 smittevern.