Kunstutstilling: Grieg Contemporary

Kunstutstilling: Grieg Contemporary

Utstillingsopning: 16. oktober kl. 19:30

Den nye utstillinga Grieg Contemporary løftar fram samtidskunstnarar i Grieg Kunstsamling. 

Utstillinga blir opna av Elisabeth Grieg og Elna-Kathrine Grieg onsdag 16. oktober kl. 19:30 på Oseana. I samband med opninga vil det bli servert aperitiff. 

Fjerde generasjon Grieg har retta blikket mot samtidskunsten, noko som kjem tydeleg fram i innkjøpa dei siste åra. Eit særtrekk ved denne delen av samlinga er at fleirtalet av kunstnarane er kvinner.

Grieg Contemporary presenterer verk av internasjonalt anerkjende kunstnarar som Candida Höfer, Rebecca Horn, Sarah Sze, Marina Abramović, Mariko Mori og Diana al-Hadid.

I tillegg satsar samlinga på unge, lovande norske kunstnarar som Apichaya Wanthiang, Øyvind Sørfjordmo og Aurora Solberg.

Utstillinga inkluderer også etablerte kunstnarar som AK Dolven, Mette Tronvoll, Arvid Pettersen, Per Barclay og Ola Kolehmainen (FI), i tillegg til arbeid av Lotte Konow Lund og Marit Victoria Wulff Andreassen.

Arrangementet er gratis, og alle er hjarteleg velkommen. Utstillinga vises frå 16. oktober–22. desember og er gratis å besøke. Kvar søndag har vi kunstomvising frå 13:00-13:45.