Hope & hingsten

Christine Hope er tilbake i manesjen. Denne gongen har ho med seg endå ein sirkushest – ein skikkeleg hingst, den internasjonale komedieskodespelaren Frode Gjerløw. No pakkar dei sekken og gjev seg i veg på ein «ellevill» Noregsturne der dei tek oss med på ei framsyning fylt av song og musikk, finurleg moro, og ikkje minst fysisk komikk.

5-arane har hagla inn frå både begeistra anmeldarar og publikum: «Gjennomført sjarmerende», «treffende humor», og «ellevilt». Regien er også denne gongen ved humor-maestro Arvid Ones. Det er berre å byrje å glede seg!

Varer: 1 time og 25 minutt, ingen pause