Sonoko Miriam Welde og Bergen Filharmoniske orkester speler Bruch

Sonoko Miriam Welde og Bergen Filharmoniske orkester speler Bruch

BFO: Vestlandsturné med Sonoko Miriam Welde

Sonoko Miriam Welde er solist i Max Bruchs vakre, populære og eviggrøne fiolinkonsert. Bergen Filharmoniske Orkesters sjefdirigent Edward Gardner dirigerer.

Sonoko Miriam Welde og Bergen Filharmoniske Orkester kjenner kvarandre godt. Ho var berre ni år gamal då ho i 1996 var solist med orkesteret for første gong. Då Bergens Tidende intervjua henne i samband med konserten, kunne ho fortelje at ho ''likte å spille fort på fiolin og at hun skulle bli tennisspiller når hun ble stor''. Heldigvis for oss alle valde ho å vere trufast mot fiolinen. No er ho anerkjend som eit av våre største talent, ho har vunnet fleire prisar, og har spelt inn ein kritikarrost cd som inneheld mellom anna Max Bruchs fiolinkonsert. Leif Ove Andsnes seier om Sonoko at ho har ei sterk og personleg stemme i sitt fiolinspel, som både fascinerar og rører ved noko i oss.

Max Bruchs fiolinkonsert frå 1866 er ikkje berre ein stor og romantisk fiolinkonsert, men kanskje rett og slett verdas mest populære. Det er ei stor glede å få spele den på vestlandsturné saman med Sonoko. Det er berre å gle seg til hennar gnistrande, inderlege og humørfylte spel.

Konserten blir innleia med overtyren frå den tyske komponisten Engelbert Humperdincks opera Hans og Grete, som er basert på Grimm-brørnes kjende samling av eventyr. Engelberts syster hadde skrive nokre vers basert på eventyret, og ho spurde bror sin om han kunne lage musikk til dei, slik at dei kunne bli framført på eit juleselskap ho hadde planlagt for sine barn. Han gjorde det, la til fleire songar og kalla resultatet eit syngespel. Dette gav han jula 1890 som trulovingsgåve til kjærasten sin. Juleferien var knapt ferdig før Engelbert orkestrerte songane og den komplette operaen blei til.

Vi er fortsatt i eventyrverda når Edward Gardner, Bergen Filharmoniske Orkesters sjefdirigent, rundar av konsertkvelden med utvalde høgdpunkt frå Peter Tsjaikovskijs magiske og melodiøse ballett Tornerose. Mange kjenner forteljinga om prinsessa som sovnar inn, etter å ha stukke seg på ein spindel, og som berre kan vekkast av eit kyss.

MEDVERKANDE OG PROGRAM
Edward Gardner, dirigent
Sonoko Miriam Welde, fiolin
Bergen Filharmoniske Orkester

Engelbert Humperdinck: Hans og Grete, forspel
Max Bruch: Fiolinkonsert
Peter Tsjaikovskij: Tornerose (Edward Gardner suite)

Foto: Nadia Norskott

Solisten på denne turneen var opprinneleg Nicola Benedetti, som måtte avlyse grunna sjukdom.