Få bill.Opera ved fjorden – sommarkonsert

Opera ved fjorden – sommarkonsert

Opplev opera på Oseana! 2. juli står den komiske einaktaren Gianni Schicchi på plakaten, i regi av Bergen Nasjonale Opera. Operaen er spesielt kjend for sin store slager, den vakre arien «O mio babbino caro».

På konserten får du også høyre eit utval av verdas vakraste ariar av blant andre Mozart, Verdi, Wagner og Richard Strauss. Konserten er sjølve finalen på Sommarakademiet Opera ved fjorden, som rettar seg mot unge i startgropa av karrieren. I over ei veke har songarar og orkester øvd under leiing av eit topplag profesjonelle pedagogar og utøvarar, og er klare til å vise fram sine favorittariar – og ikkje minst den elleville operaen Gianni Schicchi. Med på laget har dei den kjende regissøren Ivar Tindberg, som har iscenesett historia om ein italiensk familie som gjer absolutt alt for å få kloa i arven til ein nyleg avdød slektning.

Les mer om handlinga her: https://bno.no/aktuelt/2022/kva-skjer-i-gianni-schicchi

13 songarar frå inn- og utland skal vere med på scenen, og i akademiorkesteret skal rundt 25 unge instrumentalistar spele saman med 9 profesjonelle. Tre ulike dirigentstudentar skal også i aksjon under kyndig rettleiing av mellom andre operasjef og dirigent Eivind Gullberg Jensen. Kanskje er det morgondagens stjerner du får høyre for første gong?

I fjor enda konserten med trampeklapp frå publikum – kom og nyt opera ved fjorden du også!

Opera ved fjorden - Sommarakademi blir arrangert av Bergen Nasjonale Opera i samarbeid med Oseana kunst- og kultursenter, og er støtta av Grieg Foundation, Sparebankstiftelsen DnB, Talent Norge, Sparebankstiftelsen, Sparebanken Vest og GC Rieber Fondene.