Os Musikkforening – Sommarkonsert

Endeleg!

Etter mange månader med stillstand, skal Os Musikkforening halde ein etterlengta konsert i Oseana.

Vi inviterer til ei triveleg stund i Oseanasalen med musikk for den lyse årstid. Det blir eit kjekt og variert program.

Med seg har dei Os Skulekorps, som denne dagen tek farvel med nokre av sine etter kvart vaksne musikantar som skal «ut» og perfeksjonere seg på sine instrument. Bli med og heie dei vidare.

Dirigent Os Musikkforening: Magnus Brandseth
Dirigent Os Skulekorps: Marius Fevang Thorstensen