Rasmus Wold – Sportsidiot

Noregs mest sportsgale komikar er klar med si aller første standupframsyning!

Rasmus Wold elskar sport, men trivst best i sofaen. Så korleis er det eigentleg å leve saman med ein sportsidiot? Og kva er viktigst av fotball og kjæreste?

Noreg er utruleg nok verdas beste idrettsnasjon pr. innbyggjar. Har dugnadsånda gått for langt i Noreg, eller har korrupsjon og doping blitt litt av sjarmen?

Rasmus Wold er ein ung komikar som allereie er godt etablert i standupmiljøet. Han har mykje erfaring frå TV, mellom anna frå «Helt Perfekt» med Thomas Giertsen, «Latter Live» på NRK og seinest som medprogramleiar i «Ramm, ferdig, gå!» saman med Nicolay Ramm. Han nyt óg stor suksess i desse dagar med den populære podkasten «Topp 3», som medprogramleiar saman med Mads Hansen. Rasmus Wold blei også nominert til Stå Opp-prisen i 2019.

Kor mange fotballkampar er det greit å sjå på ei helg? Er ekspertkommentator ein beskytta tittel? Er sjakk sport?

Dette og mykje meir er ting som ein sportsidiot går rundt og grublar på – kjedeleg blir det i alle fall aldri.

Velkomen til årets morosamste sportsarrangement!