Solsnukonsert med Human-Etisk Forbund

Solsnu markerer at sola snur, og at vi går lysare tider i møte. Vintersolverv er for mange humanister difor ei tid prega av fornya optimisme. Saman med jula, handlar denne tida for dei fleste nordmenn om familie og samhald. På den mørkaste tida samlast vi for å feire at vi har kvarandre, slik menneske over heile verda har gjort i tusenvis av år.

Arrangert av Human-Etisk Forbund Hordaland, saman med Kim Fairchild og HUM-koret i Bergen. Showet er meint å vare i litt over ein time. Det blir dans, musikk, teater, og mykje moro for heile familien.

Konserten kostar kr. 225,- for barn og medlemmer i Human-Etisk Forbund, og kr. 330,- for vaksne ikkje-medlemmar. Barn under 4 år kun kr 15,-.
Du kan bli medlem, eller sjekke om du allereie er medlem av Human-Etisk Forbund, ved å besøke heimesida.
https://www.human.no/bli-medlem