St. Hans-hygge med Osøren Jazzensemble & Marita Moe Sandven

Foto: Kjetil Osablod Grønvigh, Midtsiden

Vi vonar på sommarstemning og finvér, slik at vi kan halda konserten på terrassen. Skulle véret ikkje vera med oss, held vi konserten i Foajéen.

Osøren Jazzensemble er blitt ein institusjon i Os, og bandet kan i 2016 feire 40-årsjubileum. Mange flinke musikarar har hatt lengre eller kortare fartstid i gruppa, men Geir Mildestveit (klarinett) og Geirmund Sandven (trombone) har vore aktive i alle desse åra. Saman med seg har dei eit knippe velrennomerte og dyktige musikarar.
Osøren var fast inventar på nær sagt alle Osøren-festivalane, og har spelt på utallige klubbar og festivalar rundt i landet. Til denne konserten har dei med seg Marita Moe Sandven på vokal, og det kjem garantert til å svinge.

MARITA MOE SANDVEN: VOKAL
TERJE NESET: BANJO/VOKAL
GEIR MILDESTVEIT: KLARINETT
GEIRMUND SANDVEN: TROMBONE
ARE OVESEN: TROMPET
OLE AMUND GJERSVIK: BASS
FRANK JAKOBSEN: TROMMER

Konserten er sponsa av Sparebanken Vest og Bjørnafjorden kommune v/kultureininga.