Swinging Christmas med Atle Pettersen og Ingeborg Walther

Sjøforsvarets musikkorps har sidan 2011 invitert til Swinging Christmas - ei svingande musikalsk innleiing til jula. Ferda i år går først til Stavanger og Bergen, før ho blir avslutta i Os.

Vel møtt til ein svingande førjulskonsert med norsk og internasjonal julemusikk, iblanda andre fengande låtar med fart og futt! NRKs tidlegare Beat for Beat-programleiar, Stjernekampdeltakar og Melodi Grand Prix-deltakar, Atle Pettersen, er solist saman med Ingeborg Walther, no kjend under artistnamnet INGEBORG. I fjor haust gjorde ho seg sterkt bemerka i NRK TVs Stjernekamp.

Dirigent: Tarjei Grimsby
Solistar: Atle Pettersen og Ingeborg Walther
Pianist: Dag Arnesen
Bassist: Mage Thormodsæther