Tornerose – Moscow Art Ballet Theater

Hausten 2021 får vi besøk av Moscow Art Ballet Theater, med den fortryllande balletten om den dansande eventyrprinsessa Tornerose!

Tornerose er ein av dei store klassikarane i ballettrepertoaret. Heilt sidan premiera i St. Petersburg i 1890 har den dansende prinsessa fortrylla og fengsla publikummarar over heile verda. Eventyret om prinsessa som sover i hundre år, Tsjajkovskijs nydelege musikk og klassisk ballett i storslått keiserleg stil, er ein uslåelig kombinasjon, også for eit moderne publikum.


OM MOSCOW ART BALLET THEATER
Moscow Ballet Theater er eit balletteater som turnerer både i Russland og Europa, med klassisk ballett på repertoaret. Dansarane er uteksaminert frå Moscow State Academy of Choreography og Vaganova Ballet Academy i St. Petersburg.

VARIGHEIT
2 timar og 20 minutt, inkludert pause.

ARRANGØR
Moscow Art Ballet Theater