Utstillingsopning: Nytt i samlinga

Utstillingsopning: Nytt i samlinga

Grieg Kunstsamling presenterer ei ny utstilling med nokre av dei siste innkjøpa til samlinga. Her møtes eldre kunst, modernisme og samtidskunst i ein heilskap som viser korleis samlinga stadig er i utvikling.

Grieg Kunstsamling er i kontinuerleg vekst, og nye verk blir jamleg lagde til samlinga. I denne utstillinga får du eit innblikk i nokre av dei nyaste tilskota, frå historiske arbeid til heilt ny samtidskunst.

Utstillinga rommar verk av samtidskunstnarar som Candida Höfer, Nathalia Edenmont og Eamon O’Kane, i tillegg til Markus Oehlen, Sarah Sze, Elin Melberg og Esther Bjørneboe. Samtidig blir verk av gamle meistrar som Christian Skredsvig og moderne målarar som Inger Sitter viste. Dette gir deg eit unikt innblikk i spennvidda i samlinga.

Gjennom møtet mellom ulike uttrykk, teknikkar og tidsepokar gir utstillinga eit oppdatert bilete av Grieg Kunstsamling slik ho framstår i dag, som ei levande samling i stadig rørsle.

Velkommen til opning med kunstsamtale 

Utstillinga blir opna onsdag 11. februar kl. 19:00

Det blir mellom anna kunstsamtale, noko godt i glaset og sjølvsagt gode moglegheiter til å oppleve dei ulike kunstverka. Opninga er gratis.

Oseana kafé er open frå kl. 12:00 denne dagen, og held ope fram til arrangementet er slutt, med matservering og bar.

Opningssamtale: Om kunstens økosystem og kommersielle galleri i Bergensområdet. 

Kvifor ender kunstnarar frå Bergensområdet ofte opp med å flytte eller la seg representere av galleri i til dømes Oslo?

Eit levande kunstliv består av eit breitt spekter av aktørar, frå kunstnarar, galleri, museum og utdanning, til publikum, skribentar og samlarar. Sjølv om det er ei rekkje visningsstader i Bergensområdet, er det få kommersielle galleri som representerer profesjonelle kunstnarar som lever av sal. Dei aller fleste er anten avhengige av støtte frå stat og kommune, eller opererer utanfor kunstverda.

Galleristen si rolle er tradisjonelt å byggje bru mellom kunstnarar og kjøparar, og bidra til å utvikle kunstnarskap over tid. Kunstnarar frå Bergensområdet som ønskjer å leve av å selje kunsten sin, har få alternativ, og endar ofte med å flytte eller la seg representere av galleri i til dømes Oslo.

Kvifor er det slik?

Med: Kurator Jørgen Larsson i samtale med Erlend Høyersten (Høyersten Contemporary) og Vibeke Harild (Galleri Vedholmen).

______________________

Verk av Esther Maria Bjørneboe

 Om utstillinga: 

  • Tittel: Nytt i samlinga
  • Utstillingsperiode: 11. februar 2026 – 5. april 2026
  • Stad: Hvelvet, Grieg Kunstsamling, Oseana kunst- og kultursenter
  • Adresse: Mobergsbakken 20, 5200 Os
  • Opningstid: onsdag–søndag kl. 12:00–16:00
  • Omvising søndagar kl. 13:00
  • Inngangsbillett kr 50/100

Tusen takk til Grieg Foundation for eit godt og verdifullt samarbeid!

Les meir om Grieg Kunstsamling her

___

Hovudbilete (øverst): Eamon O’Kane, Lina Bo Bardi House, 2024