Julemiddagbuffé i desember
Julemiddagbuffé i desember
I desember tilbyr vi julemiddagbuffé i forkant av utvalde kulturarrangement, med førehandsbestilling. Denne er òg tilgjengeleg for deg som ikkje skal vere publikum ved dei aktuelle arrangementa.
Meny
Julemiddagbuffé:
- Pinnekjøt med kålrotstappe, kokte poteter og pinnefeitt
- Svineribbe og julekorv med raudkål, julesaus og kokte poteter
Dessertbord:
- Heimelaga karamellpudding
- Multekrem
- Riskrem med raud saus
- Julekaker
Pris: 795,- per person. Drikke kjem i tillegg.
Maten blir levert av Det Gode Selskap, og du får den servert i det vakre kafélokalet i 1. etg.
Vi tilbyr julemiddagbuffé følgande tider:
- Tysdag 2. desember kl. 15:30–17:30 (før Vår jul).
- Laurdag 6. desember kl. 17:00–19:00 (før Sigrid Bonde Tusvik – Ond spiral).
- Søndag 7. desember kl: 16:00–18:00 (før Kniv og Taffel tafler julen inn).
- Laurdag 13. desember kl. 17:00–19:00 (før Eit juleshow – med Heine, Karianne og Roger).
- Laurdag 20. desember kl. 16:00–18:00 (før konsert med Eirik Søfteland og Chris Lund).
- Laurdag 20. desember kl. 19:00–21:00 (før konsert 2 med Eirik Søfteland og Chris Lund).
Bestill plass: send ein e-post til post@detgodeselskap.no
Frist for matbestilling: innan kl. 12:00 dagen før.
—
For deg som skal på et av dei aktuelle arrangementa: Du kan óg bestille plass til bufféen og betale gjennom billettsystemet vårt. Klikk på lenkene i lista over for å kome til dei ulike arrangementa (skroll ned for å finne matbestilling).