Oseana kafé
Oseana kafé
I tillegg til kunst og kultur byr Oseana også på ein flott kafé. Her kan du nyte eit måltid medan du har panoramautsikt over Bjørnafjorden og vakre, snødekte Folgefonna i horisonten.
Frå september 2025 er det inngått avtale med ny drivar av serveringstilbodet på Oseana: Det Gode Selskap i samarbeid med Jannike og Arild Hatland.
Oseana kafé har fast opningstid på dagtid i husets ordinære opningstider.
Kafémeny
Kaféen serverar ulike typar lekre smørbrød og annan brødmat, samt kaker og lignande. Sjå/last ned menyen for brødmat her.
Ordinære opningstider
- Mandag og tysdag: stengt
- Onsdag– søndag: 12:00–16:00
OBS! Avvikande opningstid: kaféen held stengt onsdag 21. januar og torsdag 22. januar.
Kva med servering på huset utanom kaféens faste opningstid?
Ved arrangement på huset blir det servering også på kveldstid, i form av showmeny med varmmat og/eller kveldsopen kafé. Sjekk aktuelt arrangement for meir info om kva som gjeld den aktuelle dagen.
I tillegg kan du bestille servering til grupper. Les meir om det øvrige serveringsstilbodet på Oseana her.
Julemiddagbuffé i desember
I desember tilbyr vi julemiddagbuffé i forkant av utvalde kulturarrangement, med førehandsbestilling. Denne er òg tilgjengeleg for deg som ikkje skal vere publikum ved dei aktuelle arrangementa. Les meir og sjå datoar her.
Kontakt
Lurar du på noko rundt kaféen? Ta kontakt på kafe@oseana.no / 474 13 100
Vi ønskar deg hjarteleg velkommen!