nodeimage

Vinsmakekveld: All I Want 4 Christmas

med Ingvild Tennfjord

Dato

20.november

Tidspunkt

18:00

Pris

Ord. 485,-

All I Want 4 Christmas

Vinsmaking med Ingvild Tennfjord: Julevinar

 

Denne jula får du alt du ønsker deg!

Etter suksessen med vinsmakekvelden «Smaken av Piemonte» er Ingvild Tennfjord tilbake i Oseana. Denne gongen har ho samla alle vinane du treng for å feire jul og førjulstid. Her får du servert dei beste nye vinane til å akkompagnere tradisjonell norsk julemat, fest, samt gode gåvetips. I tillegg hentar ho fram meditasjonsvinane som løftar dei stille augeblikka endå høgare. Dette er blant Tennfjords aller morosamste smakingar. Lærerik, praktisk og herleg avslappande.

 

Viktig informasjon vedr. bordplassering:

Vi vil setje stemninga med runde bord, kvite dukar og lys på borda.

Vi vil foreta bordplassering i førekant av arrangementet. Dette for å sikre at du får sitje med dei du høyrer i lag med, og for å sikre avstand iht. smittevernreglane. Når du har kjøpt billetten din, ber vi deg difor å sende mail til oss med følgande informasjon:

  • Namn på dei du har avtalt å sitje saman med, og namnet som står på billetten/den som er bestillar av billettane.

Mail sendast til berit@oseana.no snarast råd.

Våre bord har plass til i hovudsak 6 personar for å halde smittevernavstand ved bordet. Vi får plass til 8 rundt bordet dersom de er i eigen kohort. Er de færre enn 6 personar i gruppa, kan de bli plassert saman med andre mindre grupper (for eksempel 2+2+2 rundt eit bord).

 

Hjarteleg velkomen til ein stemningsfull og morosam førjulsvinkveld!

 

Varer ca. 2 timar

Ord. 485,-

 

Vinsmakemiddag i restauranten

Er du oppteken av kombinasjonen mat og drikke, kan du halde fram kvelden med vinsmakemiddag i restauranten etter foredraget.

Oseana kafé og restaurant har i samarbeid med Ingvild Tennfjord sett saman ein meny av julemat og tilhøyrande vinar. Det blir god mat og nøye utvald drikke.  

7 rettars julemeny         kr. 850,-

7 rettars julemeny inkl. vinpakke (4 glas vin)      kr. 1 510,-

Dette kan bestillast når du bestiller billetten din.

 

_______________________________________________________________________________

 

Smittevern:

Oseana har gjort mange tiltak for å sikre godt smittevern, og vi ønsker deg velkomen til trygge arrangement hjå oss. Vi har fokus på både avstand og handhygiene, og har intensivert vask av hyppige kontaktpunkt i huset. Vi følger dei generelle hygieneråda frå Folkehelseinstituttet.

 

Din innsats gjer også ein forskjell. Følg råda frå Folkehelseinstituttet når du vitjar Oseana:

Hald avstand

Vask hendene

Bruk papirlommetørkle eller albogekroken ved hoste

Betal gjerne med kort (kontantlaust)

Unngå kontakt med felles overflater

Personar med symptom på luftveisinfeksjon oppmodast om å halda seg heime.

 

Fakta, råd og tiltak om koronaviruset finn du på Folkehelseinstituttet sine sider: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/

Servering

Meiroppleving i restauranten: 7 rettars julemeny med vinar anbefalt av Ingvild Tennfjord - bestillast saman med billetten til vinsmakekvelden

Opningstider

mandag stengt
tirsdag - fredag 11.00 - 16.30
laurdag  11.00 - 16.00
søndag 12:00 - 18:00