nodeimage

«Argentinsk tango i herlig blanding med norsk musikk»

Tonar frå Piazzolla

Dato

06.mai

Tidspunkt

19:30

Pris

Ord. 150,-

Foto: Øystein Haara

 

«Argentinsk tango i herlig blanding med norsk musikk»

Råskap, melankoli og lidenskap – heile tangoens kjenslespekter kjem til sin rett i Piazzollas musikk.

Piazzolla blei verdskjend då han førte Argentinas største folketradisjon frå dansegolvet og inn på konsertscenen. Med element frå både jazz og klassisk musikk oppstod noko heilt spesielt; Tango Nuevo. Det er fengande, djupt og ærleg på ein gong.

 

Ensemble Eon har sett på programmet eit spanande utval av både kjende og mindre kjende skattar av det argentinske ikonet, samt nyare verk av Sverre Indris Joner og Gjermund Larsen, spesielt arrangert for ensemblet.

 

Det er duka for ei festaftan når den unge kammergruppa frå Bergen hyllar Astor Piazzolla med musikk frå både Argentina og Noreg.

  • Mara Haugen, fiolin
  • Morten Norheim, saksofoner
  • Martha Berit Belt, piano

Konserten er støtta av Vestland fylkeskommune, Bergen kommune og Creo Vestland

 

Varer 1 time

Servering

Oseana kafé og restaurant, for meny og tinging av bord kontakt 53 69 51 40 / restaurant@oseana.no

Opningstider

mandag stengt
tirsdag - fredag 11.00 - 16.30
laurdag  11.00 - 16.00
søndag 12:00 - 18:00