nodeimage

UTSELD! Aurora

Attende i Oseana!

Dato

20.desember

Tidspunkt

20:00

Pris

Ord. 485,-

Dørene åpner kl. 19:00

Support - Iris

 

Vår alles kjære popdronning legg no ut på sin aller første Noregsturné, og i desember kjem ho heim til Os. Det gledar vi oss til!

 

AURORA legg ut på sin første omfattande Noregsturné! Vår eventyrlege popdronning skal i 2019 turnere seg gjennom fleire krikar og krokar i Noreg enn nokon gong tidlegare. Med musikk frå albumet Infections Of A Different Kind – Step 1, samt låtar frå sitt kommande album skal ho nok ein gong trollbinde heimefansen.

Aurora Aksnes er songaren og låtskrivaren som står bak artistnavnet i store bokstavar. Då AURORA hausten 2018 slapp sitt andre album, Infections Of A Different Kind – Step 1, snakkar ho til oss nettopp i store bokstavar. Dette albumet er på mange måtar eit statement. For sjølv om ho framstår som audmjukskapen sjølv, har AURORA verkeleg noko på hjartet. Ho vil dele dei mange sidene av å være eit menneske, gjennom tematikk som spenner frå det personlege til det politiske: frå kjærleik og død til feminisme og miljøvern. Når musikken startar er ho ikkje blyg; ho vil skrike musikken. Danse den, og invitere publikum inn i si verd.

Det er kun tre år sidan AURORA slapp debutalbumet sitt, All My Demons Greeting Me as a Friend, med over 200 millionar streams og meir enn 500 000 solgte eksemplarer. I tillegg har ho hausta tre Spellemannsprisar, mellom anna for Årets nykommar (2015) og Popsolist (2016) samt fleire GAFFA prisar.

Også utenfor landets grenser har AURORA utmerka seg med si klokkeklare stemme og kunstneriske uttrykk. I 2016 vann ho EUs musikkpris European Border Breakers Awards for sin debut-EP Running With The Wolves.

 – Hun har en stemme med et vidt register og en kraft som metter det atmosfæriske lydbildet slik få andre sangere klarer. Hun er like krystallklar i sine fråseringer som hun er eksentrisk i sine vokale valg, skriv Dagsavisen om AURORAs utselde konsertar på Sentrum Scene i slutten av mars 2019, og gav ein femmar på terningen.

Gjennom dokumentarfilmen En gang Aurora (NRK) inviterte AURORA oss inn bak kulissane, og gjorde det tydeleg korleis ho i stadig større grad er ein artist med stor integritet og viljekraft. Der kom vi også tettare på personlegheita og kunstnaren bak musikken, som no ser frem til å dele meir av seg sjølv med heile Noreg.

– Jeg vil vise de enda mer av min verden. Vise at alle er velkomne. Det blir vidunderlig, fortel den unge artisten.

– Jeg vet at mange der ute har en veldig sterk tilknytning til musikken min i hjertene sine. Og derfor vi jeg gi dem de øyeblikkene der de kan gråte. Men også muligheten til å få en liten pause. Bare være et annet sted for en kveld, sammen med meg og alle de andre i rommet. 

Sjølv om AURORA har ein stor fanskare utanfor landets grenser, og tas imot som ei superstjerne i enkelte delar av verda, opplever ho det som noko heilt eige å spele konsertar på heimebane.

 – Jeg føler meg naken og mye mindre. På en fin måte! Her møter jeg jo en slags familie, så det føles veldig nært for meg, fortel ho, og legg til:

 – Jeg vil også at publikum skal føle seg hjemme på mine konserter. Vi er jo alle hjemme i musikken. 

Når AURORA kjem på besøk til landets mange arenaer, kan ein ikkje med sikkerheit vite kva ein har i vente.

 – Alt er jo annerledes hver gang. Det føles nytt, og er nytt. Jeg lærer mye om meg selv på hver eneste konsert jeg gjør, og jeg utvikler meg veldig raskt. Så hvem vet hvordan det blir om noen måneder fra nå, forteller 23-åringen.

Men én ting er i hvert fall sikkert: idet AURORA entrar scena er alle kjensler i spel. – Jeg vil bare skrike. Og danse. Og gråte. Og lukke øynene. Jeg har mye å si, og jeg har folk som vil høre på det jeg har å si. Det er alt jeg trenger.

 

AURORA DISKOGRAFI : Running With The Wolves EP (2015) All My Demons Greeting Me As A Friend (2016) Infections Of A Different Kind - Step 1 (2018)

 

Dørene opnar  19:00

Support - Iris   20:00

AURORA          21:00

 

Følg gjerne vårt Facebook-arrangemet

 

Aldersgrense 18 år. Dersom ein er under 18, må ein ha med verge som ikkje nyt alkohol. Vergen må fylle ut vergeskjema, og dette kan gjerast i resepsjonen i Oseana.

 

Servering

Middag før konserten? Kontakt Oseana Kafé og restaurant for meny og booking, tlf. 53695140

AURORA - Animal

Opningstider

mandag stengt
tirsdag - fredag 11.00 - 16.30
laurdag  11.00 - 16.00
søndag 12:00 - 18:00
UTSELD! Aurora | Oseana Kunst og Kultursenter

Oseana Kunst og Kultursenter

Ei verd av inspirasjon