nodeimage

Både Liv Ullman, Aurora og Helge Jordal til scena på Oseana i haust.

Store delar av haustens program er allereide i sal, her er nokre smakebitar

Aller først må vi sjølvsagt seie at vi gledar oss stort til Aurora kjem heim til jul, og igjen skal stå på scena i Oseanasalen. Ho er ute på sin aller første noregsturné, saman med support IRIS.

I oktober tek Riksteatret sjølvaste Liv Ullman med seg på turné. Det er litt av ein prestasjon å få denne travle dama, busett i USA, med seg på noregsreise. Dette blir eit unikt møte med Liv på scena, i samtale med teatersjef Tom Remlov.

Om du likar The Dubliners, kan du sjå fram til Seven Drunken Nights - The Story Of The Dubliners, som kjem tilbake til Noreg i 2019 og til Oseana i haust. Det er etter ein utseld turné i Storbritannia, show i London’s West End og 48 show i Nederland.

Elles har vi høyrt på bjørnafjordingane som ville ha meir stand up. I haust kan du verkeleg få trimma lattermusklane.  Kanskje fekk du med deg Halvor Johansson då han tok tittelen «Dagens komikar» under Comedy Fight Club i Oseana nyleg – i september tek han soloshowet sitt til Oseanasalen. Vidare kjem både Are Kalvø, Kristian Valen og Jonas Kinge Bergland for å skapa latter og god stemning i haustmørket.

Vi gledar oss også stort over at Eva Weel Skram vel å koma tilbake. Det var ei svært god oppleving å ha ho på besøk i 2017, noko både Oseana og publikum sette pris på. På musikksida får vi også besøk av Tenorane og Steffen Horn, samt Øystein Sunde og Meget i sløyd.

Likar du dans er framsyninga BOXISM sjølvsagt. Her kjem nokre av Noregs framste dansarar innan hip hop, samtidsdans, jazzdans og breaking saman. 

Men før alt dette, og litt til, startar sesongen på seinsommaren med Ausekarane som er steik forbanna, og fortset med heile to framsyningar av Bukkene Bruse som skal setja fyr på rompa til trollet.

Følg med på vår heimeside og på Facebooksida vår. Resten av arrangementa for hausten blir lagt ut litt etter litt framover.

Opningstider

mandag stengt
tirsdag - fredag 11.00 - 16.30
laurdag  11.00 - 16.00
søndag 12:00 - 18:00