nodeimage

Bajazz: Cinclus Cinclus

På lydjakt!

Dato

20.oktober

Tidspunkt

13:00

Pris

Ord. 100,- / BT 80,-

CINCLUS CINCLUS

 

PER JØRGENSEN trompet, vokal, perkusjon TERJE ISUNGSET trommer, stein, bjørkepinner MATT ROBINSON saksofon MAJA BUGGE cello

 

I Cinclus Cinclus møter du fire lekne og nysgjerrige musikarar på lydjakt. I ei musikalsk framsyning heilt utan språk. Men fråværet av ord betyr ikkje at det ikkje kjennest meiningsfullt, tvert om. Også publikum får ta del i musikken, og blir invitert med på ei spanande oppdagingsferd der ingen veit heilt kva som skjuler seg bak neste sving.

 

Cinclus Cinclus er det latinske namnet på fossekall, ein uredd, liten skapning som låter vakkert og optimistisk. Det er ei passande beskriving på det norsk-britiske samarbeidet som Vestnorsk Jazzsenter tok initiativ til i mai 2017. Målet var å lage ein ny konsertproduksjon for barn, som kunne fungere kor som helst i verda, og ikkje være avhengig av eit bestemt språk. For å sitere ein av musikarane; «språk er det mer enn nok av andre steder». Sidan då har musikarane møttest til øvingar både i England og i Noreg. Tidlegare i år spelte dei til ei prøveframsyning for eit ekspertpanel beståande av 15 fjerdeklassingar frå Møhlenpris Skole, samt premiere på årets Vossa Jazz. Begge konsertane blei tekne svært godt imot!

 

Om ein leitar etter fellesnevnarar for denne kvartetten, i tillegg til å vere einestående musikarar, er det nettopp deira evne til å improvisera. Å spele dei rette tonane til rett tid, og vere stille om det skjer noko spanande ein annan stad, og ta tak i situasjonen om nokre publikummarar eller musikarar fell ut eller å gjenta sekvensar som fungerer og ta det vidare. 

 

Turneen er ein del av Vestnorsk Jazzsenters turné-ordning, Den Musikalske Stamvegen. Ordninga står for ca. 40 konsertar i året. Sidan oppstarten har nærare 170 musikarar vore med. I all hovudsak musikarar busett på Vestlandet.

 

 

Anmelding frå Vossajazz:

«Lørdagens lydjakt er en av de mest oppriktig interaktive barnekonsertene jeg har vært på.» Maja Skanding, Vossajazz

Les heile anmeldinga her: http://www.ballade.no/sak/stor-variasjon-for-sma-publikummere/

 

Sjå video under frå prøveframsyninga på Møhlenpris Skole.

 

Følg gjerne vårt Facebookarrangement:

Barn under 2 år kjem gratis inn på konserten.

 

Servering

Oseana Kafé og Restaurant, tlf. 53695140

Cinclus Cinclus

Opningstider

mandag - fredag 11.00 - 16.30
laurdag  11.00 - 16.00
søndag 12:00 - 18:00