nodeimage

Bajazz! Tanzmacher

Bornas konsert!

Dato

22.september

Tidspunkt

13:00

Pris

Ord. 100,- / BT 80,-

Haustens første Bajazz - med TANZMACHER!

Tanzmacher lokkar borna med seg inn i ei eventyrverd av spanande lydar, rytmar og bevegelsar. Dansarar og musikarar bytter plass, gitarar og trommer blandar seg med lyden av føter og stemmer. Her blir grensene pressa i ei søken etter å finne nye måtar å spele på. Forestillinga passar best for born mellom 2 og 10 år.

Tanzmacher er eit Bergensbasert band som improviserer for borna saman med ein dansar på ein ukonvensjonell måte. Dei har eit kunstnerisk fokus og eit engasjement som inviterer.

EVA PFITZENMAIER vokal og keyboard

STEPHAN MEIDELL gitar og elektronikk  

ØYVIND HEGG-LUNDE trommer 

KAREN EIDE BØEN dans

 

Born under 2 år: gratis

Servering

Oseana Kafé og Restaurant: 53 69 51 40

Opningstider

mandag - fredag 11.00 - 16.30
laurdag  11.00 - 16.00
søndag 12:00 - 18:00