nodeimage

Bygdekinoen: Amundsen

Historia om tidenes største polfarar - Roald Amundsen!

Dato

03.mars

Tidspunkt

18:00

Korleis kunne Roald Amundsen, ein ukjend mann frå fattige Noreg, bli verdas største polfarar gjennom tidene? Svaret ligg ikkje i ein enkelt ekspedisjon, men i ein dramatisk storfilm om livet til ein heilt ekstrem mann.

Som liten gut vart Roald fascinert av polfararane. I ei tid kor heile verda enno ikkje er utforska, bestemmer han seg for å plante det norske flagget på verdskartet. Han ofrar alt for å nå draumen, men betalar ein høg pris privat. Medan Roald jaktar på rekordar, vert hans trufaste storebror Leon igjen i Noreg og tar støyten for Roalds overmot, kjærleikslengsel og økonomiske problem. Er det verdt det?

Filmen AMUNDSEN er ei dramatisering av verkelege hendingar. Den lar oss bli kjend med mannen bak nasjonalikonet gjennom ekstreme ekspedisjoner i utruleg natur, hans kompliserte kjærleiksliv og det turbulente forholdet til sin eigen bror.

 

Originaltittel: Amundsen
Genre: Biografi / Drama
Regi: Espen Sandberg
Skodespelare: Pål Sverre Hagen, Katherine Waterston, Christian Rubeck, Ida Ursin Holm, Trond Espen Seim, Ruby Dagnall
Nasjonalitet: Noreg
Språk: norsk
Lengde: 2 t. 5 min.
Produksjonsår: 2019
Produksjonsselskap: Motion Blur Films AS
Distribusjon: SF Norge
Aldersgrense: 12 år
Årsak: Denne filmen inneheld ei kortvarig scene med eit sjølvmord. Då dette ikke er nærgåande skildra, får filmen 12-årsgrense.

 

Servering

Kiosk i Foaje

AMUNDSEN (2019) TRAILER

Opningstider

mandag stengt
tirsdag - fredag 11.00 - 16.30
laurdag  11.00 - 16.00
søndag 12:00 - 18:00