nodeimage

Ny dato! Bygdekinoen: Den største forbrytelsen

Dato

07.februar

Tidspunkt

18:30

Pris

130,-

26. november 1942. Etter ordre frå den tyske okkupasjonsmakta vert ein storstilt politiaksjon igongsett over heile landet. I Oslo er over 300 politifolk, hirden og NS-medlemmer kalla inn for å bistå. Over 100 drosjer er rekvirert til oppdraget. Jødiske kvinner, menn, born og eldre skal arresterast og deporterast same dag.

Ei månad tidelegare hadde politiet i Oslo arrestert nesten alle jødiske menn over 15 år og samla dei på Berg interneringsleir utanfor Tønsberg. Grytidleg om morgonen den 26. november, vert dei vekka og kjørt vekk med tog i krøttervagner. Destinasjonen er kaia i Oslo. Jødar frå heile Noreg er henta og frakta hit. Ved utstikker 1 ligg det tyske frakteskipet Donau klar for å ta imot den menneskelege lasta. I korte glimt gjenforenes menn og koner, fedre og born, bestefedre og barneborn, før dei brutalt vert reven vekk frå kvarandre igjen. Skrekkslagne og uvitande om si skjebne tvinges deo under dekk på det store lasteskipet.  

Donau forlet Oslo med totalt 529 norske jøder ombord. Endestasjonen er utrydningsleiren Auschwitz.  
 

«Den største forbrytelsen» er ein storslått og dramatisk film basert på ei sann historie som strekk seg frå 30-talet til fredsdagene i 1945. Fortellinga om familien Braude står i sentrum for handlinga i filmen. Ein vanleg norsk arbeidarfamilie som inntil desse skjebnesvangre dagane hadde levd sine liv i tryggleik på Grünerløkka. Der levde dei med sine draumer for livet og ambisjonar for framtida, men fekk si skjebne besegla av det faktum at dei var jødar.  
 
Familien Braude speles av Jakob Oftebro (Charles Samuel Braude), Carl Martin Eggesbø (Harry David Braude), Eilif Hartwig (Isak Josef Braude), Silje Storstein (Helene Braude), Pia Halvorsen (Sara Bertha Braude) og Michalis Koutsogiannakis (Benzel Braude).  
 
Manus er skrevet av Harald Rosenløw Eeg og Lars Gudmestad, med utgangspunkt i Marte Michelets bok Den største forbrytelsen. Regien er ved Eirik Svensson. Filmen produseres av Fantefilm Fiksjon ved Martin Sundland, Therese Bøhn og Catrin Gundersen.

 

 

Regi: Eirik Svensson
Språk: Norsk
Produksjonsår: 2020
Skodespelarar: Jakob Oftebro, Carl Martin Eggesbø, Eilif Hartwig, Silje Storstein, Pia Halvorsen og Michalis Koutsogiannakis.  
Sjanger: Drama, spenning
Nasjonalitet: Noreg
Lengde: 2 t. 6 min
Aldersgrense: Aldersgrense ikkje satt

 

 

Vi har 4 tilgjengelege rullestolplassar. Desse må bestillast på førehand ved å ringe resepsjonen på 917 50 231.

 

 

Servering

Kiosk i Foaje

Opningstider

mandag stengt
tirsdag - fredag 11.00 - 16.30
laurdag  11.00 - 16.00
søndag 12:00 - 18:00