nodeimage

Bygdekinoen: Knerten og sjøormen

Knerten er tilbake!

Dato

23.august

Tidspunkt

16:00

Pris

110,-

I den nye filmen om Knerten (300 ½ år) og Lillebror (7) får vi vere med på verdas beste sommarferie på den magiske sommerøya til Tante Thea, og vi blir kjend med Eddy (8) og den sjølvutnemnde sjøormeksperten Blegen (omlag 40).

 

Nokon har sett ein sjøorm i fjorden, og Blegen treng hjelp til å finne den. Men Knerten er skeptisk til båe Eddy og Blegen. Sjøormar trur han ikkje på, og Eddy forstyrrer den planlagte svøymeopplæringa. Når Lillebror vil på sjøormjakt vil ikkje Knerten vere med, for Knerten vil ha Lillebror for seg sjølv. Men kva om sommaren med Eddy vert tre gongar så kjekk? Og kva om dei klarar å hjelpe Blegen med å bevise at sjøormen faktisk finns? Havet er jo så stort at ingen veit kva som finns der nede - ikkje ein gong Knerten! Saman legg dei ut på ein spennande jakt som gjer sommarferien til deira mest eventyrlege nokonsinne.

 

 

Regi: Tove Undheim
Språk: Norsk
Produksjonsår: 2020
Skodespelarar: Espen P. A. Lervaag, Filip Mathias Eide, Mia Ålvik, Anette Hoff, Silya Nymoen, Silje Storstein, Sjur Vatne Brean, Kristoffer Olsen
Sjangar: Familiefilm /Barnefilm /
Nasjonalitet: Noreg
Lengde: 1t. 11min.
Aldersgrense med begrunning: Tillatt for alle.
Denne filmen inneheld enkelte dramatiske scenar der Knerten er i fare. Då desse er kortvarige og foregår i ei trygg ramme, vert filmen tillatt for alle.

Følg gjerne vårt Facebook-arrangement!

Servering

Kiosk i Foaje

Knerten og sjøormen: offisiell trailer

Opningstider

   
mandag - fredag 11.00 - 16.30
laurdag  11.00 - 16.00
søndag 12:00 - 18:00
Bygdekinoen: Knerten og sjøormen | Oseana Kunst og Kultursenter

Oseana Kunst og Kultursenter

Ei verd av inspirasjon