nodeimage

Bygdekinoen: Månelyst i Flåklypa

Flåklypa-universet til nye høgder!

Dato

23.september

Tidspunkt

16:00

Pris

kr 95,-

Solan og Ludvig-trilogien blir avslutta med ei spektakulær måneferd som tar Flåklypa-universet til nye høgder. Eit nytt, internasjonalt månekappløp er i gang. Det norske bidraget blir leia av den briljante oppfinnaren Reodor Felgen, med Solan og Ludvig som modige astronautar. Kva kan eigentlig gå galt? Ganske mykje, faktisk. Med hemmelege passasjerer og skjulte agendaer, kan det sjå ut som om ingenting går etter planen.

 

Regissør Rasmus A. Sivertsen er ein av våre framste animasjonsregissører, og han er også medeigar i Qvisten Animation. Han står bak filmar som Pelle Politibil, Knutsen & Ludvigsen og den fæle Rasputin og de to tidlegare Flåklypa-filmane som er produsert av Maipo.

Manusforfattar Karsten Fullu har lang erfaring frå scene, TV, radio og film. Han skreiv m.a. manus til Kurt blir grusom, og var også forfattar på dei to andre filmane i Flåklypa-universet produsert av Maipo Film.

Produksjonsselskapet Maipo Film er Noregs mestproduserande selskap innan spelefilm og har produsert filmar som Solan og Ludvig - Jul i Flåklypa og Doktor Proktors prompepulver. Selskapet står også bak spelefilmane Staying Alive av Charlotte Blom og De nærmeste av Anne Sewitsky, Doktor Proktors tidsbadekar av Arild Fröhlich, samt Solan og Ludvig - Herfra til Flåklypa som hadde premiere i 2015.

Cornelia Boysen og Synnøve Hørsdal i Maipo er produsentar for denne tredje filmen frå Flåklypa-universet.Flåklypa

 

Premiere: 21.09.2018
Genre: Animasjon / Familiefilm
Regi: Rasmus A. Sivertsen
Nasjonalitet: Norge
Språk: norsk
Lengde: 1 t 20 min

Servering

Kiosk i Foaje

MÅNELYST I FLÅKLYPA | TRAILER | Kommer på kino 21. september

Opningstider

mandag - fredag 11.00 - 16.30
laurdag  11.00 - 16.00
søndag 12:00 - 18:00