nodeimage

DARK SIDE OF THE WALL - THE NORDIC FLOYD SHOW

Brilliant!

Dato

25.februar

Tidspunkt

20:00

Pris

Ord. 585,-

DARK SIDE OF THE WALL – THE NORDIC FLOYD SHOW

Opplev Noregs beste Pink Floyd-tributeband, Dark Side of the Wall! Andre tributeband gjer sitt beste for å kopiere heltane, medan nokon allereie har oppnådd nirvana: Å bli godkjent av sine eigne idol. Dark Side of the Wall er bandet som Roger Waters meiner er «F***ing brilliant», og som har spelt for fulle hus i 20 år.

Turnéen i 2019 var ein absolutt suksess. Bergens Tidende trilla ein seksar på terningen og tykte det var «Storslagent og imponerende på alle måter». Vidare kunne dei meddele at, «Med to fullsatte hus i Grieghallen lørdag kveld leverte det bergenske coverbandet en imponerende forestilling som absolutt tilhører det aller ypperste i sitt slag.» 

Det heile starta tidleg på 2000-talet med trommis Helge Nyheim, gitarist Bjarte Aasmul, bassist Kai Taule og deira sams kjærleik for Pink Floyd. Dei fekk med seg Dag Øivind Rebnord på tangentar og Dark Side of the Wall var eit faktum. Sidan har dei holdt det gåande.

Servering

Oseana kafé og restaurant, for meny og tinging av bord kontakt 53 69 51 40 / restaurant@oseana.no

Opningstider

mandag stengt
tirsdag - fredag 11.00 - 16.30
laurdag  11.00 - 16.00
søndag 12:00 - 18:00