nodeimage

DATAROCK

På ny turne!

Dato

23.april

Tidspunkt

21:00

Pris

Ord. 225,- / Stud. 175,-

 

Det er ikkje rart at DATAROCK har vore eit av landets mest populære band i snart ein mannsalder. Fronta av den sjeldan karismatiske vokalisten Fredrik Saroea, har gutta bak monsterhits som «Fa-Fa-Fa», «Computer Camp Love» og «Give It Up» skapt store bølgjer både her hjeime og ute i den store verda. Deira heilt unike form for elektropop har sytt for ei global fanskare. Bandets låtar har blitt brukt i reklamar for Coca-Cola, Apple,Google, Microsoft og Samsung, i dataspel som FIFA og The Sims, samt TV-seriar som Vampire Diaries og Workaholics. DATAROCK må reknast som eit av Noregs mest internasjonalt anerkjende band, med 1000 konsertar på alt frå Coachella til Roskilde i 36 land bak seg.

Etter fjorårets to kritikarroste nye singlar, er DATAROCK igjen aktuell med den energiske party-låta «Video Store».

 

"Disco-punken fra 80-tallet vender tilbake, med hjelp fra DATAROCK og Chemical Brothers produsenten Steve Dub." - disharmoni.no

"DATAROCK holder koken, til tross for pandemier og endrede spilleregler." - ballade.no

"The track is DATAROCK genius – addictive and hypnotic." - mxdwn.com

No legg bandet ut på sin første miniturné sidan 2019, med nytt materiale i bagasjen - men dei har ikkje gløymd fjorårets 15-årsjubileum for debuten, så det blir garantert både «Fa Fa Fa» og «Computer Camp Love» live når bandet spelar opp in real life!

 

23.04.2021 - Os - Oseana

Noen av våre aller beste konsertminner er jo nettopp fra Os og Rock n' LOL – og Solstrand hotell for rekonvalesering dagen derpå – så nå gleder vi oss stort til å komme tilbake til fantastiske Oseana “in real life”. Vi tar med masse nytt materiale, og DATAROCK-trommis Øyvind Solheim har jo til og med flyttet inn i nabolaget siden sist, så dette blir som å komme hjem!  - Fredrik Saroea

Opningstider

mandag stengt
tirsdag - fredag 11.00 - 16.30
laurdag  11.00 - 16.00
søndag 12:00 - 18:00