nodeimage

Dei Unge sin Nøtteknekkar

Den tradisjonelle juleballetten

Dato

18.desember

Tidspunkt

18:30

Pris

Ord. 250,- / 150,-

 

 

Inga jul utan Tsjajkovskij sine trillande tonar og E.T Hoffmann sitt eventyr om Nøtteknekkaren.

Den tradisjonsrike juleballetten Dei unges nøtteknekkar er for mange barnefamiliar eit «must»  i førjulstida. Han har blitt vist i ei årrekkje i Grieghallen i Bergen, og i år set vi opp denne balletten på scenen i Oseana for andre gong. Fleire enn tretti dansarar frå Klassisk ballett Fordypning ved Bergen kulturskole trenar hardt fram mot premieren 17. desember. Handlinga dreier seg om eit juleselskap der det dukkar opp spennande gjestar, mellom andre Tollmannen Drosselmeyer og Klara som lurer på kva ho får til jul. Så er det jamvel  hekser og dokker, mus og soldatar, prins og prinsesse, rottekongen og sjølvsagt nøtteknekkaren i eigen person. Regi er ved ballettpedagog Marcello Raciti.

 

NB! Nytt tidspunkt - ny tid: 18:30 (i det trykte haustprogrammet er det ein trykkfeil vedr. tidspunktet).

 

Følg gjerne vårt Facebook-arrangement

 

 

Servering

Middag før forestillingen? For bordbestilling i restauranten, ring 53 69 51 40

Opningstider

mandag - fredag 11.00 - 16.30
laurdag  11.00 - 16.00
søndag 12:00 - 18:00