nodeimage

Edvard Grieg Pianokonkurranse

Konsert med konkurransekandidatar

Dato

04.september

Tidspunkt

19:00

Pris

Ord. 150,-

Konsert med kandidatar frå The International Edvard Grieg Competition 2018

Frå 1. til 9. september 2018 deltar tretti særs gode pianistar frå heile verda i ”The Edvard Grieg International Piano Competition” i Bergen. Til konkurransen i år melde det seg heile 133 søkjarar, og av desse blei 30 inviterte til Bergen for å tevla om den gjeve førsteprisen på 30 000 Euro. Arrangementet er knytt til Troldhaugen, med finale i Grieghallen saman med  Bergen Filharmoniske Orkester.

Edvard Grieg Museum Troldhaugen ynskjer også å leggja til rette for at konkurransen blir eit regionalt samarbeidsprosjekt. Med god støtte frå Hordaland fylkeskommune kan nokre av dei utøvarane som ikkje kjem til finalen, få konsertera i andre delar av Hordaland, med gode arenaer for klassisk musikk. Difor er det ei stor glede å få presentera eit knippe av desse dyktige pianistane  på Oseana. 

Servering

Middag før konserten? For bordbestilling i restauranten, ring 53 69 51 40

Opningstider

mandag - fredag 11.00 - 16.30
laurdag  11.00 - 16.00
søndag 12:00 - 18:00