nodeimage

Ei musikalsk reise med Eirik Søfteland

Ei skreddarsydd oppleving!

Dato

12.juni

Tidspunkt

21:00

Pris

Ord. 300,-

«Ei musikalsk reise med Eirik Søfteland»

 

Denne konsertserien, med multiinstrumentalist Eirik Søfteland i forsetet, er eit djupdykk ned i hans musikalske inspirasjonar. Med flygelet føre seg, og gitarist og bassist Tore Christer Storlid ved si side, tar Eirik lange steg gjennom musikkhistoria – og stopper kun ved sine favorittar.

 

I eit nærast akustisk format skreddarsydd for denne tidas publikumsbegrensningar, lar dei to venane låtane snakke og presenterer klassikarar som kler eit akustisk duoformat.

Med fjell og hav som bakteppe, og omringa av vakker kunst i Griegsamlingen, spelar dei låtar av artistar som Frank Sinatra, Billy Joel, Jan Eggum, Stevie Wonder og Queen.

 

Dette er eit heilt nytt konsept, og i første omgang kun tilgjengelig for 50 publikummarar per show. Velkomen!

 

Følg gjerne vårt Facebook-arrangement!

 

-----------------------------------------------------------------------------------------------------

Smittevern:

Din innsats gjer ein forskjell. Følg råda frå Folkehelseinstituttet når du vitjar Oseana:

  • Hald avstand
  • Vask hendene
  • Bruk papirlommetørkle eller albogekroken ved hoste
  • Betal gjerne med kort (kontantlaust)
  • Unngå kontakt med felles overflater

Oseana har intensivert vask av hyppige kontaktpunkt i huset, og følgjer dei generelle hygieneråda frå Folkehelseinstituttet. Personar med symptom på luftveisinfeksjon oppmodast om å halda seg heime.

Fakta, råd og tiltak om koronaviruset finn du på Folkehelseinstituttet sine sider: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/

 

 

Servering

Oseana kafé og restaurant - for opningstider, meny og tinging av bord ring 53 69 51 40.

Opningstider

mandag stengt
tirsdag - fredag 11.00 - 16.30
laurdag  11.00 - 16.00
søndag 12:00 - 18:00
Ei musikalsk reise med Eirik Søfteland | Oseana Kunst og Kultursenter

Oseana Kunst og Kultursenter

Ei verd av inspirasjon