nodeimage

EKSTRA! Riksteatret: Bukkene Bruse

Setter fyr på rompa til trollet!

Dato

06.september

Tidspunkt

16:30

Pris

Ord. 245,- / BT 200,-

Bukkene Bruse vender tilbake og setter fyr på rumpa til trollet!

Bukkene Bruse lurer på kva dei skal gjere i ferien. Dei to minste vil helst til utlandet, men den største synest det blir altfor dyrt. Han vil heller på setra som dei brukte å gjere før. "Æsj," seir dei to minste, "Det treige fjellet." Den største bukken lokkar med trollet og vaflar på setra, og til slutt drar dei av garde. Men kor er det blitt av trollet?

 

Ein av Riksteatret sine største suksessar dei seinaste åra er Bukkene Bruse på Badeland  – basert på Bjørn F. Rørvik og Gro Moursund si enormt populære barnebok. No kjem oppfølgaren, basert på andre bok i serien, Bukkene Bruse vender tilbake.

 

Tripp, trapp! Tripp, trapp! Dette blir ei framsyning som alle kan sjå. Og alle – kanskje bortsett frå trollet – har god grunn til å gleda seg!

Framsyninga passar for born frå 3 år.

 

På scena
Janne Starup Bønes, Madeleine Barosen Herholdt, Jørn Morstad, Håkon Thorstensen Nielsen, Marte Stolp og Erlend Rødal Vikhagen

Team
Regissør: Ivar Emil Tindberg, Scenograf: Gjermund Andresen, Kostymedesigner, Dukkedesigner: Ingrid Nylander, Lyddesigner, Komponist: Peter Baden, Lysdesigner: Martin Myrvold og Produsent: Rebecca Mathisen

 

Forestillingslengde: 45 minuttar (ingen pause).

Følg gjerne vårt Facebook-arrangement

 

Premiere: Oslo / Nydalen 28. februar 2019

Produsert av Riksteatret

Servering

Middag i samband med framsyninga? Kontakt Oseana Kafé og Restaurant for meny og booking, 53 69 51 40

Opningstider

mandag stengt
tirsdag - fredag 11.00 - 16.30
laurdag  11.00 - 16.00
søndag 12:00 - 18:00