nodeimage

Få bill! Ingvard Wilhelmsen "Livet er et usikkert prosjekt"

Foredrag

Dato

13.februar

Tidspunkt

18:30

Pris

Ord. 250,-

Foto: Jan M. Lillebø

 

Det er med tungt hjarte vi må avlyse dette arrangementet. Avlysinga skjer som følge av dei nye korona-restriksjonane som trer inn ved midnatt 6/11. Alle som har kjøpt billett til arrangementet, vil få tilsendt mail frå Oseana med informasjon om dette. Gledesnyhet: den vert satt opp at igjen 13. februar.

 

Livet er et usikkert prosjekt

 

Wilhelmsen har holdt foredrag for fulle hus landet rundt og er kjend som ein av Noregs beste foredragshaldarar. Med ei humoristisk formidlingsevne og glimt i auget, utfordrar han våre haldningar til både grubling og bekymring, usikkerheit og risiko, liv og død, oss sjølv og andre. Dette vil igjen gje oss meir energi til å bruke på det livet elles har å by på. Det er mykje flaks og mange faktorar som spelar inn for å avgjere kor godt livet blir, og då lønar det seg å bruke kreftene på det ein faktisk kan gjere noko med. Wilhelmsens foredrag og praksis har endra fleire liv som tidlegare har vært sterkt prega av angst, stress og bekymringar.

 

Ingvard Wilhelmsen er professor emeritus ved Universitetet i Bergen og spesialist i indremedisin og psykiatri. Han har i 23 år drive den anerkjende Hypokonderklinikken i Bergen og har skrive fleire bøker, mellom anna «Livet er et usikkert prosjekt», «Sjef i eget liv», «Kongen anbefaler» og «Det er ikke mer synd på deg enn andre».

Servering

Oseana kafé og restaurant, for meny og tinging av bord kontakt 53 69 51 40 / restaurant@oseana.no

Opningstider

mandag stengt
tirsdag - fredag 11.00 - 16.30
laurdag  11.00 - 16.00
søndag 12:00 - 18:00