nodeimage

Full helg på Oseana

Mykje står på programmet denne helga på Oseana. Det blir mellom anna gratis inngong i Griegsamlinga heile helga.

Publikum kan sjå fram til ei innhaldsrik helg på Oseana!

Fyrst ute er ekstravisninga av Madagaskar, som settast opp igjen kl. 12.00. Alle som kjøpte billettar til den opprinnelege framsyninga kan bruke desse. I tillegg er det råd å kjøpe billettar i døra for dei som ikkje rakk det sist. Færingen held open kiosk i den nye kioskvogna si ute!

Seinare på kvelden er det klart for historiens fyrste Battle of the Bjørnefjord! 8 band frå Os, Fusa, Stord og Samnanger er påmelde, kom og hei fram dine favorittar! Arrangementet er rusfritt, og har 13 års aldersgrense. Dørene opnar kl. 19.00, og billetten på kr. 50,- kjøper du i døra.

Begge dagane kan du dessutan sjå utstillingane i Griegsamlinga gratis. Per Grieg si private samling heng permanent, men Hvelvet inneheld temporære utstillingar. Akkurat no held Lars Tveit utstilling, og denne utstillinga står til 14. oktober. Lars Tveit er kjende for sine flotte, fargesterke bilde av naust, bjørkestammar og maritime bygningsmiljø, og er vel verd å få med seg! Griegsamlinga er open mellom 12.00 og 18.00.

Søndag held Knut Magnus Bøen (fløyte) og Hallgeir Fiskaaen (gitar) matinékonsert i Griegsamlinga kl. 14.00. På programmet står musikk av tre komponistar: Schubert, Ourkouzounov og Leisner. Billettar kjøper du i døra, kr. 100,- for vaksne, born er gratis.

Det er også kinosøndag denne søndagen! Kl. 16.00 visast barnefilmen "Modig", som har 7 års aldersgrense. Billetten kostar kr. 80,- og kan berre kjøpast i resepsjonen på Oseana. Kl. 19.00 står ungdomsfilmen "Tina & Bettina - the Movie" på programmet, denne har 11 års aldersgrense, og ein billettpris på kr. 100,-

Restauranten har open heile helga, med lunsj- og a la carte- servering laurdag, og buffet på søndag. Dersom du vil bestille bord kan du ringe 957 03 900 i opningstidene deira.

Opningstider

mandag stengt
tirsdag - fredag 11.00 - 16.30
laurdag  11.00 - 16.00
søndag 12:00 - 18:00