nodeimage

Gratis inngang til Grieg og Tveit

Helga 29. og 30. september blir det gratis inngang til kunstutstillingane på Oseana.

Denne helga opnar Oseana Griegsamlinga og Hvelvet utan inngangsbillett. Dersom du ikkje har fått med deg desse utstillingane endå, bør du nytte høvet no!

Griegsamlinga er den private kunstsamlinga til Per Grieg sr., hovudsponsor og initiativtakar til Oseana. Per har samla kunst i over 50 år, og har ei betydeleg mengde nasjonalskattar i sitt eige, nasjonalskattar som no heng til pryd og glede på Oseana.

I Hvelvet, som er det temporære utstillingslokalet vårt, heng no ei utstilling av Lars Tveit. Tveit er opphaveleg frå Sauda, og kjend for sine flotte, fargesterke bilde av naust, bjørkestammar og maritime bygningsmiljø. Tveit si utstilling er også ei salsutstilling. Begge utstillingane er vel verd å få med seg! Utstillingane er opne i opningstidene til Oseana, som er mellom 12.00 og 18.00.

Opningstider

mandag stengt
tirsdag - fredag 11.00 - 16.30
laurdag  11.00 - 16.00
søndag 12:00 - 18:00