nodeimage

Hans Marius Andersen med band

Føremiddagskonsert

Dato

13.juni

Tidspunkt

11:30

Pris

Ord. 250,-

Velkomen til føremiddagskonsert i Griegsamlingen!

Nyt dagen med fjordutsikt, kunst og gode tonar frå Hans Marius Andersen med band.

 

Repertoaret for konserten er ei blanding mellom originalt materiale og kjende jazz-standards.

 

Hans Marius Andersen - Trompet, Flygelhorn, Sax

Carsten Dyngeland - Piano

Sigurd Ulveseth - Bass

Mikael Chauvet Jørgensen - Trommer

 

Sagt om Hans Marius Andersen:

 

“Great work. Great Atmosphere - Great groove. Great playing!” - Steve Porcaro om “Tango For One”

“Det finnes kun to trompetere som får meg til å gråte. Den ene er Hans Marius Andersen, den andre er  Louis Armstrong…”

“En blanding av Miles Davies og Clifford Brown”

“En av få musikere som sømløst kan veksle mellom jazz og klassisk”

 

Meir om Hans Marius Andersen:

Musikar, trompetist og multiinstrumentalist

Som femåring begynte Andersen i det lokale skulekorpset, og fem år seinare avanserte han til det lokale Brass-Bandet. Han har seinare spelt med mange forskjellige band, korps og orkester, mellom anna i Bergen Big Band, Euroradio Jazz Orchestra, orkesteret ved Den Nationale Scene mm. Andersen har medverka på kjende musikalar som Cabaret, Spellemann på Taket, GREASE og Hellemyrsfolket.

 

Blant Andersens mentorar er Arnulf Naur Nilsen, Helge Haukås og Stian Eilertsen. Frå 2010 til 2013 var han elev ved konservatorielinja på talentutviklingsprogrammet til Barratt Due Musikkinstitutt, kor han studerte klassisk trompet.

 

Andersen er hovudsakeleg aktiv innan jazz og klassisk musikk, men har erfaring med alt frå rock, metall og punk til pop. Andersen har mellom anna vunne Noregsmeisterskapet for solistar i 2010, og i 2012 deltok han i den NRK-produserte klassiske musikkonkurransen «Virtuos», kor han vant publikumsprisen. Han har gjennom ulike prosjekt samarbeida med kjende artistar i dei fleste sjangrar, som Sissel Kyrkjebø, Håkan Hardenberger, Sigvart Dagsland, Karoline Krûger, Tord Gustavsen, Jerry Bergonzi, Trygve Skaug, Isac Elliot, Morten Abel, samt vært solist med mellom anna Bergen Filharmoniske Orkester, Kringkastingsorkestret, Forsvarets Musikkorps Vestlandet og Eikanger-Bjørsvik Musikklag.

 

Jula 2010 debuterte han berre 15 år gamal som plateartist med juleplata «My Christmas». Til saman har det blitt tre soloplater, den siste «Embracable You» i 2018. Som session-musikar har Andersen, til tross for sin unge alder, bidratt på over 30 plateprosjekt.

 

Utanfor Noreg har han halde konsertar i land som USA, England, Frankrike, Ungarn, Taiwan, Italia, Tyskland, Sveits og Polen. Mellom anna har Andersen opptredd ved den verdskjende Ronnie Scott’s Jazzklubb i London.

 

Følg gjerne vårt Facebook-arrangement!

-----------------------------------------------------------------------------------------------------

Smittevern:

Din innsats gjer ein forskjell. Følg råda frå Folkehelseinstituttet når du vitjar Oseana:

  • Hald avstand
  • Vask hendene
  • Bruk papirlommetørkle eller albogekroken ved hoste
  • Betal gjerne med kort (kontantlaust)
  • Unngå kontakt med felles overflater

Oseana har intensivert vask av hyppige kontaktpunkt i huset, og følgjer dei generelle hygieneråda frå Folkehelseinstituttet. Personar med symptom på luftveisinfeksjon oppmodast om å halda seg heime.

Fakta, råd og tiltak om koronaviruset finn du på Folkehelseinstituttet sine sider: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/

 

 

Opningstider

mandag stengt
tirsdag - fredag 11.00 - 16.30
laurdag  11.00 - 16.00
søndag 12:00 - 18:00
Hans Marius Andersen med band | Oseana Kunst og Kultursenter

Oseana Kunst og Kultursenter

Ei verd av inspirasjon