nodeimage

Heine Bugge - Trekkspel

Morgonkonsert

Dato

27.juni

Tidspunkt

9:30

Pris

Ord. 250,-

Velkomen til morgonkonsert!

 

Heine Bugge spelar glansnumre og personlege favorittar frå forskjellige sjangre og verdshjørner. Det vil bli kjende og kjære trekkspelklassikarar av mellom anna Astor Piazzolla, Arnstein Johansen og Sven Nyhus, i tillegg til eigne komposisjonar.

 

Heine er mellom anna kjend frå duoen Polkabjørn og Kleine Heine, men denne morgonen er Heine åleine med trekkspelet. Velkomen til ein hyggeleg morgontime i kunstsamlingen på Oseana!

 

Følg gjerne vårt Facebook-arrangement!

 

-----------------------------------------------------------------------------------------------------

Smittevern:

Din innsats gjer ein forskjell. Følg råda frå Folkehelseinstituttet når du vitjar Oseana:

  • Hald avstand
  • Vask hendene
  • Bruk papirlommetørkle eller albogekroken ved hoste
  • Betal gjerne med kort (kontantlaust)
  • Unngå kontakt med felles overflater

Oseana har intensivert vask av hyppige kontaktpunkt i huset, og følgjer dei generelle hygieneråda frå Folkehelseinstituttet. Personar med symptom på luftveisinfeksjon oppmodast om å halda seg heime.

Fakta, råd og tiltak om koronaviruset finn du på Folkehelseinstituttet sine sider: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/

 

 

Opningstider

mandag stengt
tirsdag - fredag 11.00 - 16.30
laurdag  11.00 - 16.00
søndag 12:00 - 18:00