nodeimage

Hekla Stålstrenga "Elske og Ære turné 2019"

Hekla er tilbake!

Dato

21.mars

Tidspunkt

20:00

Pris

Ord. 395,- / BT 325,-

Foto: Knut Åserud

 

I februar kjem den nordnorske gruppa Hekla Stålstrenga med sitt sjuande album.

Plata har fått tittelen «Elske og Ære» og no dreg dei ut på lanseringsturné over heile landet. 

Bandet er kjend for si særeigne blanding av folkemusikk, viser og pop og har fleire songar som har gått inn i den norske visetradisjonen. Mellom andre «Har du Fyr», «Folketonen» og «Siste Sang».

No kjem bandet altså med ny musikk, og singlane frå plata har allereie gjort seg bemerka med å få mykje speletid på NRK P1.

 

Konsertane med Hekla Stålstrenga er kjende for stor energi og djup musikalitet blanda med humor, speleglede og særs kompetente musikantar. Bandet består av nokon av dei mest markante musikarane på sine respektive instrument. Dette gjer óg at alle medlemmane er særs ettertrakta når andre artistar ønskjer seg musikalske partnarar i sine prosjekt.

 

Tittelen «Elske og ære» er ein av songene på plata, skreve av Ragnhild Furebotten. Furebotten har som vanleg stått bak mange av melodiane til bandet. Nytt for dette albumet er at både Furebotten, Nymo Trulsen og Bruvoll leverer frå seg, ikkje berre melodier - men også eigne tekstar. I tillegg har mellom anna Ola Bremnes, Helge Stangnes, Malvin Skulbru, Geir Vildgren og Ronny Trælvik levert tekster til plata.

 

Ord. 395,- / BT 325,-

 

Facebookarrangement

 

 

Servering

Middag før konserten? For meny og bordbestilling i restauranten, ring 53 69 51 40

Hekla Stålstrenga - Har du fyr - Live i Store Studio

Opningstider

mandag stengt
tirsdag - fredag 11.00 - 16.30
laurdag  11.00 - 16.00
søndag 12:00 - 18:00