nodeimage

Hellbillies - 30 år på vegen

På jubileumsturné!

Dato

11.februar

Tidspunkt

19:00

Pris

Ord. 585,-

Foto: Agnete Brun

Hellbillies – 30 år på vegen

 

Hellbillies må kunne kallast ein institusjon i norsk kulturliv, og i 2020 vil bandet markere sine første 30 år med ein stor jubileumsturné.

 

I løpet av vinteren, våren og høsten vil dei besøke alle dei største kulturhusa i landet. Tanken med denne spesielle konsertturnéen er å kunne møta sitt trofaste publikum, for saman å sjå tilbake på dei 30 åra som har gått, og kanskje også kaste eit lite blikk framover ved å presentere nytt materiale.

 

I løpet av sine 30 år på vegen har Hellbillies vore ein stødig leverandør av perler til den norske songskatten, samstundes som dei har opparbeida seg ein status som eit av vår tids mest vitale rockeband. Denne konserten er for eit sitjande og lyttande publikum, og vil ha éin akustisk og éin elektrisk avdeling. Bandet gledar seg veldig til å kunne møte sitt publikum på denne måten.

 

Ord. 585,-

 

Følg gjerne vårt Facebook-arrangement!

Servering

Oseana kafé og restaurant - for opningstider, meny og tinging av bord ring 53 69 51 40.

Opningstider

mandag stengt
tirsdag - fredag 11.00 - 16.30
laurdag  11.00 - 16.00
søndag 12:00 - 18:00