nodeimage

UTSELD! Ingvard Wilhelmsen "Livet er et usikkert prosjekt"

Foredrag

Dato

21.november

Tidspunkt

16:00

Pris

Ord. 250,-

Foto: Jan M. Lillebø

 

Livet er et usikkert prosjekt

 

Wilhelmsen har holdt foredrag for fulle hus landet rundt og er kjend som ein av Noregs beste foredragshaldarar. Med ei humoristisk formidlingsevne og glimt i auget, utfordrar han våre haldningar til både grubling og bekymring, usikkerheit og risiko, liv og død, oss sjølv og andre. Dette vil igjen gje oss meir energi til å bruke på det livet elles har å by på. Det er mykje flaks og mange faktorar som spelar inn for å avgjere kor godt livet blir, og då lønar det seg å bruke kreftene på det ein faktisk kan gjere noko med. Wilhelmsens foredrag og praksis har endra fleire liv som tidlegare har vært sterkt prega av angst, stress og bekymringar.

 

Ingvard Wilhelmsen er professor emeritus ved Universitetet i Bergen og spesialist i indremedisin og psykiatri. Han har i 23 år drive den anerkjende Hypokonderklinikken i Bergen og har skrive fleire bøker, mellom anna «Livet er et usikkert prosjekt», «Sjef i eget liv», «Kongen anbefaler» og «Det er ikke mer synd på deg enn andre».

 

Følg gjerne vårt Facebook-arrangement

Servering

Oseana kafé og restaurant - for opningstider, meny og tinging av bord ring 53 69 51 40.

Opningstider

mandag stengt
tirsdag - fredag 11.00 - 16.30
laurdag  11.00 - 16.00
søndag 12:00 - 18:00