nodeimage

Jan Eggum: "Så langt har alt gått bra"

På ny solo-turné

Dato

29.oktober

Tidspunkt

19:00

Pris

Ord. 395,-

Foto: Jarle Moe

 

Jan Eggum trivst i dei fleste samanhengar. I stort band, lite band, viseduo, jazztrio, filharmonisk orkester - til og med saman med songkor. Det er likevel noko heilt eige å oppleva Eggum åleine med gitaren, og gjerne i eit lite lokale. Det er slik ein verkeleg kjenner at ein kjem tett på mannen og hans songar. 

Etter eit travelt og suksessrikt år på vegen med Halvdan Sivertsen, er det ei glede å lansere ein turné med Jan Eggum åleine på scena, under den muntermelankolske tittelen «Så langt har alt gått bra». Det er ingen grunn til at det skulle gå noko dårlegare i 2020, når Jan og gitaren skal reise landet rundt med eit repertoar som tar utgongspunkt i hans mange vakre balladar.

 
Kva meir kan ein ønskje seg? Eit par ekstra billettar, kanskje. For har ein først fått oppleva Jan Eggum åleine, så vil ein sjå han igjen. Og igjen. Og igjen. Velkomen til ein eksklusiv kveld med ein av landets største artistar!

 

Følg gjerne vårt Facebook-arrangement

Servering

Middag før konserten? Oseana kafé og restaurant - for opningstider, meny og tinging av bord ring 53 69 51 40.

Opningstider

mandag stengt
tirsdag - fredag 11.00 - 16.30
laurdag  11.00 - 16.00
søndag 12:00 - 18:00