nodeimage

NY DATO! Jord og Hav - med Tove Bøygard og Tom Roger Aadland

Tett på to musikalske historieforteljarar

Dato

29.august

Tidspunkt

20:00

Pris

Ord. 385,-

Jord og Hav – med Tove Bøygard og Tom Roger Aadland

Tove Bøygard og Tom Roger Aadland er to av dei mest kritikarroste artistane i landet dei siste åra. No slår dei seg saman og drar på turné. På konsertane vil publikum koma tett på medan Tove og Tom Roger syng og pratar om songane som har betydd mest for dei. Dei er begge kjende som musikalske historieforteljarar av rang, og det ligg mykje levd liv bak låtane deira.

 

Terningkast 6!

Tove Bøygard bli omtalt som «en formidabel artist, tekstforfatter og låtskriver» av Aftenposten. Avisa gir det nye albumet hennar, «Jord», terningkast seks. Det same gjer ei rekkje andre meldarar. «Kunne vært Springsteen på sitt beste og mest klartenkte», skriv Dagsavisen. «Nordens bästa countrysångerska», meiner svenske HiFi & Musik.

Tom Roger Aadland blei lagt merke til for alvor då han gav ut Dylan på nynorsk-plata «Blod på spora». Oppfølgjaren «Blondt i blondt» blei kåra til “Årets album” av NRK P1 i “Norsk på norsk” i 2016. Same året skreiv han mange av tekstane på Hellbillies sin albumsuksess «Søvnlaus». Tom Roger har gitt ut fem kritikarroste album med eigne låtar, og hatt ei rekkje singlar spelelista på NRK P1, bl.a. «Alle dei i ei» og «Min beste ven på ein dårleg dag».

 

På scenen har dei med seg keyboardisten Asbjørn Ribe, kjend frå bandet Jim Stärk og for flotte soloalbum.  Formidlingsevne og nærvær er ord som går att i omtalar etter konsertopplevingar med Tove Bøygard og Tom Roger Aadland.  Ein ting er sikkert: ein konsert med desse to artistane vil aldri væra ei likegyldig oppleving. Har du lyst på ein musikalsk aftan med sterke låtar på norsk, der du ikkje veit om tårene som renn kjem av latter eller gråt, bør du få på deg skoa når Tove Bøygard og Tom Roger Aadland kjem til Oseana. 

Ord: 385,-

 

Følg gjerne vårt Facebook-arrangement!

 

-----------------------------------------------------------------------------------------------------

Smittevern:

Din innsats gjer ein forskjell. Følg råda frå Folkehelseinstituttet når du vitjar Oseana:

  • Hald avstand
  • Vask hendene
  • Bruk papirlommetørkle eller albogekroken ved hoste
  • Betal gjerne med kort (kontantlaust)
  • Unngå kontakt med felles overflater

Oseana har intensivert vask av hyppige kontaktpunkt i huset, og følgjer dei generelle hygieneråda frå Folkehelseinstituttet. Personar med symptom på luftveisinfeksjon oppmodast om å halda seg heime.

Fakta, råd og tiltak om koronaviruset finn du på Folkehelseinstituttet sine sider: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/

 

 

 

Servering

Middag før konserten? For meny og bordbestilling i restauranten, ring 53 69 51 40

Opningstider

   
mandag - fredag 11.00 - 16.30
laurdag  11.00 - 16.00
søndag 12:00 - 18:00
NY DATO! Jord og Hav - med Tove Bøygard og Tom Roger Aadland | Oseana Kunst og Kultursenter

Oseana Kunst og Kultursenter

Ei verd av inspirasjon