Jostedalsrjupa

Jostedalsrjupa

Duoen Vestavill - Ingvill Holter, sopran og Marita Kjetland Rabben, piano - skal saman med Henning Sommerro ut på turné denne hausten med mellom anna eit nyskrive verk av Henning skrive for Vestavill. Verket heiter Jostedalsrjupa og handlar om pesten og sagnet om Jostedalsrjupa. Lite visste vi at det skulle kome ein ny pest over landet, som særleg skulle gå hardt utover kulturlivet, då vi bestilte verket i 2018.

JOSTEDALSRJUPA
VESTAVILL OG HENNINGS SOMMERRO

«Dei kom frå Luster og Leikang
Drog over isen og kom til ei tom bygd
Historia om jenta vart skapt.»

Me har alltid vore fascinerte over historia om Jostedalsrjupa; den vesle jenta som overlevde Svartedauden og plutseleg var heilt åleine i verda. Det viste seg at Henning delte den same fascinasjonen. Slikt blir det musikk av!

Forteljinga seier at då jenta vart funnen, var ho blitt vill som ein fugl og mista språket. Det einaste ho kunne seia var «Mor. Vetle rjupa». Liknande forteljingar går att i ei rad segner om Svartedauden landet rundt, men historia om Jostedalsrjupa er nok den mest kjende. Me elskar dei enorme kontrastane i historia: frå den vesle jenta midt i den levande naturen, til den forferdelege døden, mørkret og einsemda som omgav henne.

Lang tid har gått sidan Svartedauden herja, men katastrofar vil alltid eksistera. Korleis reagerer me menneske når krisa råkar? I desse dagar har temaet blitt uhyggeleg aktuelt.

Heldigvis inneheld ikkje denne konserten berre einsemd og død. Me framfører også nokre av Sommerro sine vakraste viser om livet, håpet og kjærleiken. Grieg og Tveitt stikk innom. Håpar å sjå deg der også!


Medverkande: Vestavill, som er Ingvill Holter, sopran og Marita Kjetland Rabben, piano - saman med Henning Sommerro.

Varer 75 min utan pause