nodeimage

Jul med Helene Bøksle

Den kjende, gode julestemninga!

Dato

08.desember

Tidspunkt

18:00

Pris

Ord. 525,-

Helenes fantastiske stemme sørger for den perfekte julestemninga! Helene har bygd opp ein av landets største juleturnéar, og hennar julekonsertar har til no blitt sett av nærare 100.000 publikummarar. Turnéen «Det hev ei rose sprunge» har blitt ein fast førjuletradisjon. Dette er konserten som skil seg ut - og som treff publikum i hjarterota. Stemninga er intim, varm og høgtidsstemt.   

 

I år kjem Helene tilbake til Oseana med fullt band. Dette blir ein heilt spesiell førjulskveld med blant anna songar frå Helenes juleplate «Det hev ei rose sprunge», som er blitt ein moderne norsk klassikar. Plata vart gjeve ut i 2009 og har seld over 60.000 eksemplar.

 

Omtalar av julekonserten til Helene:

Nesten overjordisk” Trønderavisa

“En av Norges vakreste stemmer» Tidens Krav

“En gyllen halvannen time” Fædrelandsvennen

“Helt magisk” Sarpsborg Arbeiderblad

"En fortryllende førjulspakke" Telemarksavisa

 

Helene har fleire av landets beste musikarar med på turnéen; Sindre Hotvedt (piano), Markus Lillehaug Johnsen (gitar) og Jonas Kilmork Vemøy (perkusjon/trompet).

Gled dykk til ein fantastisk musikalsk førjulskonsert.

 

For meir info:

 

www.heleneboksle.no

www.facebook.com/heleneboksle

@heleneboksle (Instagram)

 

Varer ca. 90 min

 

Ord. 525,-

 

Følg gjerne vårt Facebook-arrangement!

Servering

Oseana kafé og restaurant, for meny og tinging av bord kontakt 53 69 51 40 / restaurant@oseana.no

Opningstider

mandag stengt
tirsdag - fredag 11.00 - 16.30
laurdag  11.00 - 16.00
søndag 12:00 - 18:00