nodeimage

Vi er open!

KJÆRE PUBLIKUM

Vi er open!

Vi ønsker deg velkomen til oss! Både resepsjon, foajé, kunstutstillingar og gåvebutikk er open til vanlege tider.

Kulturprogrammet vårt finn du her på våre heimesider, og nett no kan vi ha arrangement for 100 publikummarar. Sjølv om vi gjerne skulle hatt fulle salar, er vi glade for å kunne ta imot dei vi kan - og vi gler oss til å sjå deg! 

Koronarestriksjonar er blitt den nye kvardagen. Arrangement blir flytta eller avlyst, og det gjerne med kort varsel. Vi vil gjerne seie TUSEN TAKK til deg som publikum, for at du taklar alle endringar på strak arm, og for at du held fram med å kjøpa billettar på trass av dette. Det er inga selvfølge. Vi er audmjuke og takksame, og kjenner oss heldige som har slikt eit trufast og godt publikum.

I Oseana vel vi å ta «den nye kvardagen» med godt mot. Så sant det er mogleg, skal vi fortsette å skape gode augneblink og fine stunder. Det skal vi gjere for deg som publikum, for artistar som besøker oss, for dei av oss som sit på heimekontor, og for dei som er på jobb i resepsjonen. Alt med fokus på godt smittevern, sjølvsagt.

La oss saman glede oss over det vi har, og gje varme til dei vi møter. Vit at du ALLTID er velkomen i Oseana! Vi har mange fine arrangement på programmet framover, som du finn her på heimesida vår, på Ticketmaster eller vår Facebookside. Du kan også ta med ein ven og nyte ein varm kaffi, litt sjokolade og ein god samtale i foajéen – her er godt plass og lett å halde avstand.

Her er våre opningstider:

 

FOAJÉ, UTSTILLINGAR, RESEPSJON OG GÅVEBUTIKK 

Mandag:  stengd

Tysdag – fredag:  11 – 16:30

Laurdag:  11 – 16

Søndag:  12 – 18

 

RESTAURANTEN

Restauranten er førebels steng, men open for selskap innan koronaretningslinjene. Dersom du ønsker å leige / ha eige arrangement i restauranten, kontakt Roald Mjelstad på roald@mjelstadholding.norestaurant@oseana.no eller på tlf. 482 39 927.

 

Har de andre spørsmål må de gjerne kontakte oss på post@oseana.no eller tlf. 917 50 231

VELKOMEN!

 

 

Opningstider

mandag stengt
tirsdag - fredag 11.00 - 16.30
laurdag  11.00 - 16.00
søndag 12:00 - 18:00
Vi er open! | Oseana Kunst og Kultursenter

Oseana Kunst og Kultursenter

Ei verd av inspirasjon